Pedagogisk medarbeider og koordinator
KFUK-KFUM NORGE
- Frist 13.07.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du skape gode fellesskap og kvardagsglede for barn, ungdom og familiar?
KFUK-KFUM Øygarden er på leit etter ein pedagogisk medarbeidar og koordinator
KFUK-KFUM Øygarden søkjer ein sjølvgåande, utadvendt og beslutningsdyktig medarbeidar som ønskjer å bidra til fellesskap og gode kvardagar for barn, ungdom og familiar. Vi ser etter deg som tek ansvar og arbeider strukturert – både sjølvstendig og i team.
Stillinga kombinerer to varierte og meiningsfulle roller:
- Pedagogisk medarbeidar i Open Barnehage (50 %)
- Koordinator for Lukas og MåndagsMiddag (20 %)
Fast arbeidstid:
- Ettermiddag/kveld måndag
- Dagtid onsdag, torsdag og fredag
- Personalmøte annan kvar månad (onsdag, ca. 2,5 timar)
- I tillegg er det 8–13,5 fleksible timar per månad til planlegging, marknadsføring, oppfølging av frivillige frivilligoppfølging m.m.
Open Barnehage
Open Barnehage er eit lågterskeltilbod for familiar i Øygarden. Her kjem barn saman med ein føresett dei dagane det passar, utan behov for fast plass. Tilbodet gir støtte i foreldrerolla og bygg fellesskap gjennom leik, samtale, måltid og song.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i det pedagogiske og praktiske arbeidet, inkludert planlegging av aktivitetar
- Vere til stades i leik og samtale med born og føresette
- Førebu og servere lunsj, samt rydde og vaske etter opningstid
- Leie songstunder og bidra til eit varmt og inkluderande miljø
MåndagsMiddag og Lukas
Som koordinator får du ansvar for to av våre fellesskapstilbod:
MåndagsMiddag– ein ettermiddag der familiar samlast til måltid, leik, høgtlesing og fellesskap.
Lukas – ungdomstilbod med aktivitetar som Ten Sing, dans, gaming, drama, action og sosialt fellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Leie, planlegge og gjennomføre aktivitetar som fremjar trygge fellesskap
- Rekruttere og følgje opp deltakarar, frivillige og ungdomsleiarane
- Lage mat og leie aktivitetar, leik og song
- Oppdatere medlemsliste og system
Til denne stillingen ser vi etter deg som:
- Har engasjement for barn, ungdom og familiar
- Har evne til å planlegge aktivitetar og leie frivillige og ungdomsleiarar.
- Er fleksibel, trygg og trivst i ein mangfaldig arbeidskvardag
- Kommuniserer godt på norsk og engelsk
- Har erfaring med barn, ungdom eller frivilligfeltet
Vi tilbyr:
- Eit meiningsfullt arbeid i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling og deltaking på nasjonale inspirasjonssamlingar
- Løn i høve til tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Personleg dugleik vil verte tillagt vekt. Gyldig politiattest må leggjast fram. Søkjarar må identifisere seg med KFUK-KFUM Noreg sitt føremål, kristne profil og verdiar. Vi ser fram til å lese CV og søknaden din.
KFUK-KFUM ønskjer tilsette med ulik bakgrunn og erfaring. Vi trur at mangfald gjer oss betre og styrkjer arbeidet vårt for barn og unge. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte søkjarar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, legning eller bakgrunn.
Ved spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med dagleg leiar i KFUK-KFUM Øygarden, Sirianne Hellerud.
FerdigheterBeta
- Administrere medlemskapsdatabase
- Norsk
- Tilberede og servere mat
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Sartorvegen 8, 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Annet, Barnehageassistent, Koordinering
Nøkkelord
Koordinator, Pedagogisk medarbeider, KFUK-KFUM, Øygarden, Foldnes
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414300603
- Sist endret