Fagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehage
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
- Frist 26.06.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig 2 vikariat i totalt 60% stilling frå 04.08.25. 30% vikariat til 31.10.25 og 30% vikariat til 31.07.26. Stillingane kan kombinerast. Ein kan og få stilling som tilkallingsvikar i tillegg om ønskjeleg.
Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og 3 avdelingar er for barn i alderen 3-6 år. Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid
- Bidra til eit godt språkleg miljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men anna utdanning/erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
- Er engasjert, sjølvstendig og fleksibel
- Har godt overblikk og ser kva som trengs der og då.
- Trivst i ein travel, men innhaldsrik barnehagekvardag.
- Har gode evner til samarbeid
- Har godt humør, positiv innstilling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
- Er god på å skape relasjonar
- Er ein god språkmodell
- Er glad i å vera ute
- Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Aktive og varierte kvardagar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
FerdigheterBeta
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Norsk
- Småbarnsopplæring
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Edne 19, 5215 Lysekloster
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
Nøkkelord
Fagarbeider, Fagarbeidar, Barnehageassistent, Assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 412340689
- Sist endret