Prosjekt- og byggjeleiar vasskraftanlegg
Tussa
- Frist 1.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling i Tussa Energi
Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 medarbeidarar. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden.
Tussa Energi er inne i ein aktiv periode med bygging av fleire småkraftverk, modernisering av eldre anlegg og oppgradering av dammar. Vi søkjer etter ein engasjert, handlekraftig og erfaren prosjekt- og byggjeleiar som kan vere med å planleggje og leie nye prosjekt både i prosjekterings- og byggjefasen.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, vere kreativ, resultat- og løysingsorientert, ha gode samarbeidsevner og trivast med å jobbe i ein tverrfagleg stab. Du vil få ansvar for både delprosjekt og heile anlegg, frå idestadiet til ferdigstilling.
Viktige arbeidsoppgåver
Gjennomføre prosjekt til avtalt kostnad, tid og kvalitet
Utvikle prosjekt, prosjekt- og byggjeleiing knytt bygging eller rehabilitering av kraftstasjonar, med tilhøyrande vassdragsanlegg (vassvegar og dammar)
Kommunikasjon og koordinering, både internt i prosjekta og med eksterne leverandørar
Utarbeide førespurnadar, kontrahering, følgje opp prosjektøkonomi og framdrift
Kontrakts- og endringshandtering
Følgje opp, kontrollere, dokumentere og avslutte prosjekt
Kvalifikasjonar
Bachelor eller master i vassdragsteknikk/bygg og anlegg
Relevant erfaring
Erfaring frå prosjekt- og byggjeleiing
Økonomisk forståing og god teknisk innsikt
Meistre flytande norsk, både skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
Ei rekke personalgoder som firmahytter og bedriftsidrettslag, og gode pensjons - og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har ei årleg omsetning på om lag 900 mill. kr, og har om lag 300 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
- Sektor: Privat
- Sted: 6160 Hovdebygda
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Ingeniør, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiing, byggjeleiing, vasskraftverk, vassdragsteknikk, prosjektering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406881845
- Sist endret