
Lærar
Klepp kommune
- Frist 23.05.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar
Lærar
Orstad læringssenter har ledig eit vikariat skuleåret 25 / 26.
Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 12 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov. Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsettingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar. Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledare og pedagogar.
Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette skal ha eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø.
Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.
Arbeidsoppgåver
- vere kontaktlærar for 2 -3 elevar
- delta og samarbeide i fleirfaglige team
- bruk av digitale hjelpemiddel og ASK i undervisning
- planleggja og gjennomføra eit tilrettelagt, variert og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
- Sikre ein trygg, inkluderande og god skulehvardag for elevane
Kvalifikasjonar
- du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn / barnehagelærar
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
- du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- kompetanse vedr forebygging og handtering av utfordrande åtferd
- kjennskap til alternative kommunikasjonsformer - og hjelpemiddel
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
du er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn av nedsatt funskjonsevne
du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
du har godt humør
Vi tilbyr
- ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
- gode muligheter for fagleg og personleg utvikling
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skogvegen 26, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406321846
- Sist endret