Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i teknologi- og industrifag
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
- Frist 20.05.2025
- Ansettelsesform Fast
Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i teknologi- og industrifag
Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 100% fast undervisningsstilling på vg1 teknologi- og industrifag frå snarast eller 01.08.25.
Vi søkjer deg som
- har kunnskap og interesse for teknologi og industrifag evt. traktor, arbeidsmaskiner og anleggsmaskinar
- har innsikt i ny teknologi i faget
- er oppteken av kvalitet i arbeidet
- er sjølvstendig og strukturert, men trivst også med å arbeide i team
- skaper gode relasjonar med elever og kollegaer
- likar å arbeide i eit miljø med ungdom
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer
- eit godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- 100% stilling ledig frå 01.08.2025
- faglærar i programfag på Vg1 teknologi og industrifag. Evt. undervisning på Vg2 arbeidsmaskiner.
- undervise for elevar med behov for ekstra tilrettelegging
Arbeidsoppgåver
- undervisning i programfag, teori og praktisk arbeid innafor fagområdet Vg1 teknologi- og industrifag evt. på Vg2 arbeidsmaskiner
- ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisningen i tråd med skolens kvalitetssystem, lærerplaner og aktivitetsplaner
- arbeid i team og tverrfaglig samarbeid om undervisning og veiledning
- samarbeide med næringslivet i aktuelle bransjer
- ivareta og utvikle verkstad, verktøy og anna utstyr som blir brukt i undervisninga
Kvalifikasjonskrav
- det er krav om fagbrev innafor fagområdet: Relevant fagbrev innafor teknologi og industrifag, landbruksmekaniker, anleggsmaskinmekaniker
Ønskte kvalifikasjoner
- det er ønskjeleg med teknisk fagskule eller ingeniørhøgskule, evt. godkjend yrkesfaglærar-utdanning
Ønskte eigenskapar
- gode samarbeids og- kommunikasjonsevner
- serviceinnstilt og imøtekommande
- fleksibel og løysingsorientert
- personlege eigenskapar blir vektlagt
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Om arbeidsgiveren
Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.
Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.
Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida!
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger
Nøkkelord
Arbeidsmaskiner, teknologifag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405473630
- Sist endret