Elektrikar med Maritim systemkompetanse
Ulstein Elektro Installasjon AS
- Frist 31.05.2025
- Ansettelsesform Fast
Elektrikar med Maritim systemkompetanse
Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase og selskapet ønsker å bygge og vidareutvikle kompetanse innan fagområdet el.installasjon på skip og ser etter deg som har erfaring innan skipsbygging.
Ein av suksessfaktorane for stillinga vil vere å ha gode samarbeidsevner, ønsker om å bidra til eit positivt arbeidsmiljø i tillegg til å utvikle eigen kompetanse innan elektrofaget.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Elektroinstallasjon på skip
- Skipsutstyrsystem
- Kommunikasjonssystem
- Brann og gass deteksjonsystem
- Delta og framvise intern systemtestar for klasse og rederi
- Rapportere status og framdrift til områdebas
- HMS Fokus
Kvalifikasjonar og erfaring
- Fagbrev som elektrikar/Elektromontør GR. L
- Systemforståing, innsikt og sjølvstendigheit
- Erfaring som elektrikar innan skipsbygging
- Teknisk og tverrfagleg forståing
- Fiber og nettverkerfaring er ønskeleg
- Vere strukturert og ha ein proaktiv tilnærming til måloppnåing
- Kan kommunisere godt på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Positiv, reflektert og samhandlande
- Sjå dei gode løysningane
- Fleksibel
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar, og fleksitidsavtale for våre tilsette. Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar og det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Elektronikk, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektroingeniør, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Elektriker, Spesialkompetanse, Maritim Industri, Elektro, Elektroinstallasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406880102
- Sist endret