Kunderådgjevar Privatmarknad
Sparebanken DIN Telemark
- Frist 30.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling
Bli med å skape gode kvardagar i Telemark.
Sparebanken DIN Telemark søker ein nysgjerrig, nær og hjelpsam Rådgjevar Privatmarknad til kontoret vårt i Åmot. Me er banken som bryr oss om heile Telemark – #HeileTelemarksLokalbank – og no ser me etter deg som vil vere med på laget og bidra til vekst og trivsel for kundane våre.
Om stillinga
Som rådgjevar hos oss vil du få ei viktig rolle i å skape gode kundeopplevingar gjennom sal og rådgjeving av bankens tenester. Me ser etter deg som tek initiativ, likar å bygge relasjonar og motiverast av å skape resultat – både for kundane og banken.
Me tilbyr deg:
Spennande arbeidsoppgåver i eit hyggeleg miljø
Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit til å bidra til betre kvardagar for folk i Vest-Telemark
Arbeidsoppgåver:
Skape gode kundeopplevingar gjennom sal og rådgiving
Opparbeide og utvikle eigen kundeportefølje
Jobbe proaktivt mot nye og eksisterande kundar
Bidra til å nå vekstmål for kontoret og banken
Me ser etter deg som har:
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
Erfaring frå bank, forsikring eller sal/rådgjeving er ein fordel
Personlege eigenskapar vi set pris på:
Strukturert, resultatorientert og sjølvstendig
Positiv, nysgjerrig og initiativrik
Lagspelar med interesse for personleg økonomi
Om arbeidsgiveren
Me er ein lokal, utviklingsorientert sparebank med hovudkontor i Vest-Telemark. Banken har i dag 49 tilsette, ein forretningskapital på 8,2 milliardar kroner, og kontor i Åmot, Seljord, Bø, Notodden og Skien. Saman skaper me gode kvardagar i heile Telemark!
- Sektor: Privat
- Sted: Vinjevegen 180, 3890 Vinje
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406829612
- Sist endret