Ledig 4 x fast helgestillingar
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 19.05.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig 4 x fast helgestillingar
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Ved Avd. Bufellesskap Grantun er det ledig 4 x fast helgestilling mellom 14 og 15,5%
Arbeidsstad
Grantun bufellesskap er eit bufellesskap for personar med psykiske vanskar, og har 16 leiligheter, Vi har som visjon å skape trygghet, forutsigbarhet, trivsel og gje rom for eigenutvikling.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøterapi og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar eller annan relevant utdanning.
- Studentar og assistenter utan utdanning kan også søkje.
- Erfaring innan psykisk helsearbeid vil vere ein fordel.
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
- Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
helgestilling, psykisk, helse, bufellesskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406386952
- Sist endret