Driftstekniker
Tombre Fiskeanlegg AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du praktisk anlagt, løysningsorientert og klar for ei spennande karriere innan havbruk?
Tombre er i vekst og ser no etter driftsteknikarar som vil vere med og sikre god drift på matfisklokalitetane våre.
Arbeidsoppgåver
Som driftsteknikar hos oss vil du vere ein nøkkelperson i den daglege drifta. Dine oppgåver vil mellom anna vere:
Fôring og røkting av fisk
Drift og vedlikehald av oppdrettsanlegg
Ettersyn og drift av teknisk utstyr og båtar
Bistand ved operasjonar som levering, avlusing, behandling, rigging og nedrigging av lokalitetar
Sikre god orden og biosikkerheit
Følgje opp HMS- og kvalitetsrutinar
Dokumentere og rapportere etter gjeldande krav
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har erfaring frå oppdrett, teknisk drift eller anna relevant praktisk arbeid
Har utdanning innan akvakultur, tekniske fag eller liknande (ønskjeleg, men ikkje krav)
Er sjøvant og trivs med arbeid på sjø og båt
Har god teknisk innsikt og evne til praktisk problemløysing
Er samarbeidsvillig med gode kommunikasjonsevner
Er engasjert, ansvarsbevisst og har god HMS-haldning
Beherskar norsk godt – både munnleg og skriftleg
Me tilbyr
Fast stilling i ei berekraftig og framtidsretta næring
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Varierte arbeidsoppgåver med høve for utvikling
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
Har du praktisk erfaring og interesse for havbruk? Då vil vi gjerne høyre frå deg – også om du ikkje har formell utdanning.
Om arbeidsgiveren
Tombre er eit leiande havbrukskonsern med sterk regional forankring og eit klart mål: berekraftig matproduksjon med høg kvalitet, god fiskevelferd og tett samarbeid. Hos oss blir du del av eit engasjert fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg. Våre verdiar er: Ærleg, kvalitetsbevisst og framtidsretta. Me har lokalitetar i Hardangerfjorden, Bjørnafjorden, Samnanger, Fedje og Sogn. Me tilbyr ein spennande arbeidskvardag i ein framtidsretta bransje.
- Sektor: Privat
- Sted: 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Engelsk
Nøkkelord
havbruk, driftsteknikar, røkting, akvakultur, oppdrettsanlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405434886
- Sist endret